Om oss

post@safthuset.no

Tlf. 90 70 60 77 / 99 25 37 25

Festevegen 119, 5912 Seim

Skøssn gard ligg på Skotsund, med postadresse Seim i Alver kommune. Garden har vore i same familie sidan 1794, og drives i dag av Karin Feste og Svein Kvamme.

Karin og Svein overtok garden i 2014, og det blei tidleg kjøpt inn 5 kasjmirgeit for å rydda i busker og kratt då det ikkje hadde vore dyrehald på garden sidan slutten på 70-tallet. Etterkvart har geitebestanden sakte men sikkert økt, og i dag er det 19 vinterfôra geiter på garden.

I 2019 starta me rydding av gjengrodd utmark for planting av frukttre, og i dag har me 6 mål med ca 1400 epletre i tillegg til noko plomme og morelletre. I løpet av dei neste åra vil me fortsetta å planta nye epletre. Hovudsortene av eple er Discovery og Aroma, men me har og ein del Nanna som er ein tidleg sort, og Rubinstep som er ein seinare sort. I tillegg har me ein del sortar som me vil prøva ut, blant anna Golden Delicious og Leiknes som er ein lokal eplesort. Foredla produkt me sel frå garden er hovudsakleg Eplemost, eplesyltetøy og Sider. I tillegg til frukt driv har me sal av livdyr, kjekjøtt, kasjmirgarn og skinn frå geit.